Soga om då Josefson vitja
Fjordgløtt og Heimbygda.
- Om korleis Josefson kom av garde på
si 2. misjonsferd -
(Ein kvar likskap med kjende eller ukjende personar er heilt tilfeldig.)
vth
*
Heimbygda ligg der to dalar møtes. I Heimbygda bur
det mange vene jenter. Når dei ikkje jaktar rev eller syr på skinnkåpa si,
dansar dei i skogen eller blotar til Frøya. Bedehuset er avkristna og gjort om
til Folkets hus. Det likte korkje presten eller ordføraren frå Arbeiderpartiet.
Det er Veslekari som eig
katta.
*
Gode
hus mot ver og vind held ein seg òg med i Heimbygda.
*
Fjordgløtt ligg nede ved fjorden. Der har dei kyrke,
fengsel og asylmottak. I lakseslakteriet jobbar det mest berre polakkar og
andre kulturframande. Nokre folkeframande er og tilsett.
Bedehuset er gjort om til
Moské med presten si velsigning. Truslyden var utdøyd. I Fjordgløtt navar dei
kultur- og folkeframande mykje og driv med mangt anna til minus i samfunnsrekneskapen.
*
I Heimbygda liker jentene å dansa i skogen …
*
…dei
sym i elva…
*
…
og dei likar å gå berrføtte.
*
Dei
tenker på så mangt når dei er ute i skogen… Eldfrid tenkjer på Karl…
*
Karl
er frikar og jotunbankar. Han liker visesong og spelar lutt. (Han lagar brennevinet sitt sjølv og har det på lomma når han går på dans.)
*
Jentene i Heimbygda og
Fjorgløtt er moderne åsatrujenter. Nokre av dei vil gjerne vera ein slags valkyrier.
Dei har så mange draumar… Dette er Gunnlaug.
*
Åsatrua gjer noko med
jentene. Den verker frigjerande. Tordis står i midten.
*
At åsatrua verkar
frigjerande, finn vi forståeleg – den verkar som eit avfjottingsmiddel – men at den også kan gjere jentene både
langbeinte og vakre… kva skal ein meine om slikt? Vel vel, biletet lyg ikkje… men det er jo òg slik
at Frøya kårar halve valen, kanskje er ho kresen i valet sitt. Dette er Haldis.
*
Når jentene har dansa seg
sveitte i skogen, hender det at dei badar i tjernet. Mellom nøkkerosene. Dette
er Ranveig. Ho likar seg i vatten. Ho skal bli kaptein og sigla til sjøs.
*
Åslaug er mykje på stølen. Ho
bur der heile sumaren. Då Veslekari kom heim og sa at ho ville òg ha ein gris, fekk tante
Åslaug kjeft...
*
Veslekari likar grisar,
kaninar og revar. Ho likar ikkje at storesyster Valborg skyt rev… Ho skal
arve sauskinnskåp til
storesyster når ho har nok mange skinn til ei reveskinskåp.
Veslekari matar
reveungane…
Og reven er glad i
Veslekari…
*
Valborg er storesyster til Veslekari. Ho er revejeger og
åsatruerske. Valborg vil ha reveskinnskåpe. Difor vart ho revejeger. Ho vil
legge ned alle mink- og revegardar i landet og i staden fóre opp grisar! Ho lir
av framandfrykt og har grisgass på sprutflaske til vern mot framandkulturelle
valdsmenn som held til nede i Fjordgløtt.
*
Dette er Veslemøy. Er ikkje kåpa litt stutt?
Når Veslemøy er oppe og går om natta, bruker ho skinnkåpa si.
Veslemøy er minkjeger. Ho skyt mink og fangar han i feller. Ho byrja hobbyen
sin då jentegruppa i åsatrulaget hennar vedtok å leggje ned all pelsdyravl i
Noreg. Minken har nær utrydda fuglelivet langs kysten, seier ho. Han er
framandkulturell, seier ho. Slik går det når framande kjem til lands og slår
seg ned, seier ho.
Kåpa vert lengre når Veslemøy har fanga fleire minkar. Ho har
symaskin og er også flink på kjøkkenet. Ho kan koke; difor vert ho gift.
*
Vigdis likar hestar. Dette er frå stølen
til tante Åslaug. Hesten heiter… kan det vere Seljar?
*
Vigdis er ein vidgjeten hjortejeger…
*
… men Veslekari synest ikkje noko om
hjortejakta til Vigdis…
‘
Dette er frå skulen til Veslekari. Eit par klassar over. Alle
jentene har matpakke med på skulen. Dei trur på matpakka si oppdragande verking
og nektar å gå i kantina. Dei smørjer matpakka si sjølve!
*
Ein dag jentene var på stølen hjå tante Åslaug og hjelpte henne
med sauehald og gjeting, fekk dei høyre ein underlig lyd: Dunk, dunk, dunk sa
det, og då dei gjekk ut på bøen og kikka, fekk dei auge på ein underlig figur
som kom hoppande på ein staur langs stølsvegen. Han såg sliten og forkommen ut.
- Kva er du for ein kar? spurde tante Åslaug då han kom fram til
stølsbua.
- Eg kallar meg Josefson og er nasjonalist og vantru. Eg trur
korkje på Islam eller Kristendomen. Eg lever og er i live der folket mitt lir…
- Å trøyste og bære, lo tante Åslaug, - det var då svært. Og alle
jentene lo så dei grein, dei også. Dei hadde aldri sett maken til denne karen.
- Kva kan vi gjera for deg då, spurde tante Åslaug og turka
lattertårene.
- Eg treng mat, hus og klede. Eg er ein flyktning.
- Tja, det høver vel godt, meinte tante Åslaug, - vi har då eit
flyktningmottak nede i Fjordgløtt. Der er du nok velkommen.
- Å nei, sa Josefson, - der tør eg ikkje ta inn. Der er så mange
muslimar og kristenfolk. Muslimane vil steine meg og kristenfolka krossfestar
meg dagleg.
- Det var då svært, krossfestar dei deg dagleg? spurde tante
Åslaug.
- Ja, dei lenkjer meg til denne stauros - stauren ville eg seie,
med mentale band. Eg kjem ikkje laus så gjerne eg enn vil. Det er med meg som
med Fenris. Han er bunden med lenkja Gleipne, festetauet Gjelgja, hella Gjoll
og festepålen Tvite.
- Er det ingen som vil løyse deg då? Spurde tante Åslaug.
- Nei, ikkje til denne dag, sa Josefson – og slett ikkje dei
kristne. Dei nærer seg og eksisterer i kraft av mi krossfesting.
- Då får du vera her hjå meg då, sa tante Åslaug. - Du kan bu i
gamalsele.
- Takk som byr, sa Josefson.
‘
Og då Josefson hadde fått seg mat, tok jentene og vaska han –
under overoppsyn av tante Åslaug – og så kledde dei han i reine klede. Og då
vart han reint ein staskar.
Vaska og flidd vart Josefson ein
staskar.
*
Og jentene stelte i stand til Josefson
i gamalselet…
*
Og Josefson hoppa seg lange turar i fjellet på hoppestokken sin og kom til krefter. Det var vent på stølen til
Åslaug. Geiter var han vandt med. Fiske hadde han drive med før; både i elv og
sjø…, og han tok opp den gamle kunsten.
*
Men… hoppa han i skogen, støtte han på jenter som gjete sauer og
geiter, eller kva det no var dei dreiv med …
og hoppa han til vatnet eller elva, dreiv dei og bada eller solte
seg. Det var sanneleg ikkje greitt å vera Josefson…
*
Men tante Åslaug visste på råd. Ho dreiv med politikk. Ho var medlem
av Dei nordiske patriotars
einskapsparti. Og for å få Josefson på andre tankar, inviterte ho han til å
halde appell på eit kveldsmøte. Han var jo nasjonalist, så det skulle då passa
bra? Jau, det likte Josefson godt, for han var glad i å halde tale til folk, og
nasjonalist var han.
*
Møtet gjekk bra, og snart vart det Josefson sin tur. Åslaug
fortalde ikkje kva han var for kar, men lòt han sleppe til med appellen. Ho sa
han var ein heimlaus som rak forbi.
Og Josefson byrja å tala:
-Eg helsar dykk godtfolk!
Det er sagt:
"Ei røyst ropar:
Rydd Herrens veg
i ørkenen,
jamn ut i
øydemarka
ein veg for vår
Gud!"
Folk
stussa.
-Og det vart vidare sagt:
«Vend om, for himmelriket er kome nær!»
Folk
såg på kvarandre… kva var dette slags kar. Var han predikant?
-Og vegen vart rydda i øydemarka. Og sanninga si ånd lydde for
foket. Ein nasjonalist skal fyst og fremst tale til sine eigne. Eg talte alltid
til mine eigne, men dei ville ikkje høyre på meg.
Det har vorte sagt:
«Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.
. »
«Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av
samaritanbyane! Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.»
-Og det vart vidare sagt:
«Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels
hus.»
«Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til
hundane.»
-Og til ein villfaren og bortkomen vart det sagt:
«I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein
Abrahams son. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og
berga dei.»
- Og det vert også sagt:
«Du skal elska nesten din som deg sjølv.»
-Dette vart sagt til jødane.
-Og til dei vart det også sagt:
«Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men
sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så
vender vi oss til heidningane.»
Då Josefson var komen så langt i appellen sin, høyrdes det rop og
skrik utanfor vindauga i det gamle bedehuset - no folkets hus - i Heimbygda. Og gjennom eit av
glasa kom det ein stein så glasbrott singla på golvet.
Og då folk sprang ut på trappa for å sjå kva dette var, såg dei
presten i bygda, prestekona, politikarar i alle aldrar og ungane deira samt den
vanlege gjengen med politisk ramp som alltid lòt seg mobilisere når det skulle
mobiliserast mot folkekjærlege og fedrelandskjærlege samankomstar. Dei
tilhøyrde Sosialistisk ungdom, Kommunistisk ungdom, Ten folket, AUF eller andre
politiske grupperinger utan feste i folk og folkekultur, men med internasjonal
orientering og folkesvik på
programmet. Og bak denne norsktalande frontfylkinga sto det ein heil hop med
folke- og kulturframande som hadde lært seg nokre norske ord for
skattebetalarane si rekning. Kvinnene var for det meste kledt i svart burka,
eller var tilsløra på anna vis. Nokre kunne ikkje norsk, men hermde etter
presten:
«Rasistar,
fasistar, antisemittar, nazistar, heidningar, holocaustfornektarar,
antisionistar…!»
Ei lita muslimjente som var
gløgg og nok hadde tatt det viktigaste poenget, skreik:
«Ingen nordmenn i
våre gater, Ingen nordmenn i våre gater… ingen norskingar, ingen kvitingar…!»
Det
var no Josefson steig fram på trappa. Slike folkehopar syntes han å være kjend
med. Og han såg på dei og ropte ut til presten og folkelyden:
«Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå
Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.
Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! De
har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein
mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning
i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far
til løgna. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. Kven av dykk kan
peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje
då? Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av
Gud.»
Presten i bygda hadde stor vennskap med andre monoteistar og internasjonalistar
…
Presten
vart still, han vart først raud i ansiktet, så kvit som eit lik og slutta å
skrike. Og då folket såg at presten ikkje skreik, slutta også dei å skrike.
Men
no slo åsatrujentene til. Valborg fyrst med sprutflaska si, og alle dei andre
jentene etter med kvar si sprutflaske med grisgass dei også. - Grisgass, grisgass, ropte dei og spruta på
ålmugen. Mest i andletet.
Veslekari
hadde ikkje sprutflaske, men skvetta kveldens kjøttsuppe på hopen med ei sleiv
medan ho skreik: - Svinesuppe, svinesuppe,
alt ho vann. Noko av suppa trefte presten; og halaletere, koscheretarar og
omskorne i alle utgover sprang i kvar si retning. Dei la på rømmen, for
grisegass var dei redd. Presten sist med kjerringa uvillig på slep etter handa.
Ho snudde seg i eit og såg på Josefson med rare auge.
«Svart er lygna si farge», sa Josefson der han sto
og såg etter hopen som flaksa heim som skremde kråker. Presten hadde
svartkjolen på.
Og
Åslaug ropte høgt etter rømlingane:
Flesk skal blandas
i all føde
til dei eigne
folkefeller.
Særimnes hold
skal alltid syde
sjølv i suppe
frå fattighuset.
Og då
møtet var over, drog alle heim. Josefson hoppa på stauren sin. Han kunne ikkje
komma seg fram på anna vis. Han var eit med stauren – bunden til den med
usynlege band.
*
Neste
dag var sumarsolkverv. Ein stor dag for åsatruarar. Dei brukte halde storblot
på denne dagen.
Då
det leid mot blottid, tok tante Åslaug jentene for seg:
-Vi
lyt halda eit storblot i kveld med innlagt terapiblot. Vi lyt løyse Josefson
frå krossen. Han lyt sleppe fri frå kristenfolket no. Lenkja og bindinga til
krossen må brytast. Og det var jentene meir enn samde i, og dei byrja straks
gjere sine førebuingar.
Då
tida var der, sette Åslaug i å galdra med skrikande stemme. Og jentene stemde
i. Dei hadde gjort opp både solkvervsbål og blotbål, og no dansa dei motsols
rundt ein jordfast stein, og medsols rundt elden.
Då
dei hadde dansa og galdra ei lita halvtime, byrja det brått å skye over. Ein
svart toresky kom sigande inn over stølen frå nord. Stauren til Josefson sto
røyst ved dørhella til gamalsele, og Josefson sat på hella og såg på jentene
som dansa. På fjøstaket satt to ravnar.
Josefson vert løyst frå krossen og frigjort.
Den
første toresmellen var så sterk at jentene slutta å danse. Lynet slo ned i
utkanten av stølsbøen. Då jentene byrja danse igjen, kom den andre smellen, og
no så sterk at jentene og Åslaug falt til jorda. Lynet slo ned i stauren til
Josefson. Og sjølv vart han slengt vekk frå hella han sat på og vart liggande
som ein bylt på marka. Stauren var splintra og flaug som brennande fliser
gjennom lufta. Og flisene datt ned og vart etter kvart liggande å ose i graset.
Jentene sprang for å sjå til Josefson. Men han var ikkje daud.
Etter ei flaske øl var han på føtene igjen og gjekk og virra i ring på vollen.
Han var som i svime. Så jentene pakka han til sengs med streng melding om å
ligge i ro til morgons. Og det gjorde Josefson.
Jentene samla saman splintane etter stauren og la dei på blotbålet.
Og snart var det inkje att av stauren til Josefson. Den var gått attende til
dei element den var komen frå.
Men jentene dansa vidare samen med tante Åslaug, og dei drakk Frøyaøl.
Veslekari fekk lov å vera oppe litt lenger denne kvelden.
Etter to dagar var Josefson full kar igjen. Men noko var endra. –Eg
kjenner meg som eit nytt menneske, sa han. Og han var fullstendig løyst
frå stauren. Lenkjene var brotne. Han var fri mann igjen. -No
dreg eg til Jødeland og frigjer folket mitt, sa han. -Eg
lyt freiste ein gong til. Eg lyt lære dei skilnaden mellom Faderen og Gud Herren. ## Dei fell dagleg, no som før, for dei tre freistingane. Ein nasjonalist gjev aldri opp. Og folket mitt treng å
frigjerast; no meir enn før. Min sjølvrespekt og mi ære krev truskap mot folket
mitt. Kristus lyt klare seg sjølv; no når vi er løyst frå krossen, går vi kvar vår veg. - Kanskje møtest vi igjen ein dag, einkvan stad ...der menneskja lider ...
*
Presten likte ikkje Josefson. Heller ikkje det som hadde skjedd på
møtet. Han melde han til lensmannen som person utan opphaldsløyve. Prestefrua
likte det dårleg. Lensmannen likte det godt. Di fleire framandkulturelle han
fekk skyssa ut av bygda, di færre knivstikkingar, narkobrotsverk, valdtekter og
andre lovbrot fekk han å baska med.
Men Åslaug hadde sine spionar i arbeid. Kunne det ha vore
prestefrua? Ho fekk i alle fall melding om faren i god tid. Så då lensmannen
kom, var Josefson alt faren på misjonsferd igjen til Jødeland.
Han vart sett då og då på ferda si syd over. Men no var han fri
kar og løyst frå stauren. Lygna minkar og sanninga vinn fram der han ferdast,
seiest det. Og det kan nok trengest, for det er mykje lygn å ta fatt i no om
dagen...
Jentene saknar Josefson. Det same gjer Åslaug. Dei har lygn nok å
stri med i Heimbygda. - Men han får no gå sine vegar, sa Åslaug, - og gjerne
freiste frigjere dei som kanskje treng det mest.
Eit lite nettblot for
åsatrujenter før leggetid.